Surt tap mot Rosenborg 2
Det såg ut til at me skulle klara å tukta trønderane utover i andre omgang. Men dette var dagen då me ikkje hadde korkje flaksen eller den nødvendige dyktigheiten på plass. I staden for tre nye poeng, kunne RBK-spelarane jubla etter ei litt merkeleg scoring heilt på slutten.
Men dette er fotball, og slike kampar kjem av og til. Det likna litt på Arendal-kampen.
Me var nok ikkje helit på tå hev i dag, og då bikkar det gjerne feil veg. Men tysdag går me på att, krummar nakken og skal trena godt fram til Molde-kampen. Me skal læra av slike kampar og, seier Robert etter kampslutt.
Og han har heilt rett. Årets 2. divisjon byr på mange jamne og tette kampar. Me skal snu dette til vår fordel igjen, som me har gjort før.
No ønskjer me Anna masse lukke til med landskampane mot Portugal for Norge J-18. Me følgjer med og heiar på deg!