Anna med assist då Norge slo Portugal 3-1

Anna kom innpå og bidrog med assist då Norge J-18 slo Portugal 3-1

Ei nøgd Anna fekk sjansen i andre omgang mot Portugal Ho spelte i ein sentral midtbaneposisjon, litt tilbaketrekt.

  • Det gjekk fint, og me var litt overraska at me vann så klart. Dette var moro, og det er utruleg kjekt å vera med på dette. Blir skikkeleg inspirert, fortel Anna. Ho skryter av trenar Bengt Sætrenes og hans assistentar.

  • - Dyktige trenarar. Me er ein flott gjeng, så no gler eg meg til neste kamp laurdag, og håpar på speletid då også, avsluttar Anna. Frå før har ho to kampar med J-15 landslaget, begge mot Sverige.

  • Me gratulerer med flott innsats!

Jon Navarsete