Jentefotballens helg - siste frist for påmelding onsdag 27.09

Laurdag 30. september og søndag 1. oktober: “Korleis skapa gode miljø for jente- og damefotball i vår region”

Invitasjonen går til trenarar,leiarar, ressurspersonar, føresette - alle med interesse for, og som ønskjer å utvikla jente- og damefotballen i fylket.

Parallellt vil det også vera ei samling for akademispelarar i Sunnfjord og Sogn denne helga. Det blir høve til å sjå og følgja også deler av treninga og kampar der.

PROGRAM

Campus Fosshaugane

Laurdag 30.09

Kl. 12.00 – 13.00

Mat og kaffi – velkomen ved Torgeir Strypet – leiar Sogndal FK Damer

·         Informasjon om samarbeid med andre klubbar, kva me gjer og kva me kan bidra med v/ Sebastian Kaldestad ( dagleg leiar)

·         Informasjon om SoMe – korleis me brukar det i vårt arbeid til merkevarebygging, inkludera sponsorar, informasjon ut med meir v/ Kari J. Bakke ( SoMe – ansvarleg – styremedl.)

 

13.00 – 13.15

Påfyll av kaffi – mingling

13.15 –14.45

Kvernbit – Kvalitetsklubb som har lukkast med sitt målretta arbeid med jentesatsing (spelarar, trenarar, leiar m.m.)

·         Anette Livden – styremedlem og aktiv i jentesatsinga frå starten av prosjektet i 2017

·         Karianne Hiis Bergh – trenar for gutar pr. no og kan i større grad kome med synspunkt på satsinga frå det perspektivet. Aktiv i arbeidet med jentesatsinga, spelarar, leiarar og trenarar

·         Refleksjonsgrupper

 

14.45 – 15.30

Kaffimat – sjå trening - akademilag

 

15.30 – 16.15

«Lagløftet - Jenter vil meir»  - eit prosjekt etablert av Sparebanken Vest (SPV) i samarbeid  mellom Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer i ei felles satsing med SK Brann og Arna Bjørnar Fotball ved Torgeir Strypet, Sebastian Kaldestad, Sogndal Fotball og SPV

·         Støtteordningar – treningsleir, fotballdag og trenarkompetanse

·         Fadderordning

 

16:15 – 17:15

«Kva skal til for at jenter held fram med å spele fotball etter dei er 14 – 15 år?»

Refleksjonar om tema ved Vårin Ness og Silje Bakke Torvanger (begge GODT over 25 år, har spela 2.div. ,1. div. og Toppserien – NO for Sogndal FK Damer 2. div. ). Vårin har òg spelt college -fotball og for klubb i Italia.

Søndag 01.10

 

Kl. 10.00 – 11.30

Skadeførebygging ved Siri Nesheim – Stabæk fotball

·         Teori – og observasjon av fysisk trening

·         Kva er spesielt for jenter kontra gutar?

·         Korleis forbyggje dei mange skadane vi ser i ungdomsfotballen?

·         Kva skjer etter ein skade – trenarar, spelar, føresette – ansvar, tilrettelegging og involvering

 

Kl. 11.30 – 12.15

Kva skal til for å kome vidare i din klubb? Små steg – Små Sigrar

Neste steg for din klubb – satsingsområde – lag ein kort utviklingsplan for eit område du / de ynskjer din klubb kan gjere for å betre utviklingsmoglegheitene for jenter. Du vil få eit skjema du kan nytte til dette arbeidet på samlinga. Kvernbit, krets og Sogndal FK Damer vil kunne bidra med konstruktive innspel, saman med dei andre deltakarane på samlinga.

 

Kl. 12.30 – 13.15

Rasmus Mo – «Korleis skape motivasjon, glede og samhald – jenter opp og fram»

 

Kl. 13.15 – 14.45

Kamp akademilag - Sogn - Sunnfjord – mat og kaffi

 

Kl. 15.00 – 15.20

Saftkokarane – Samhold og viktigheita av å skape entusiasme både på og utanfor bana!

 

Kl. 15.20 – 15.40

Robert Hovland (trenar Sogndal FK Damer) og Ruben F. L. Bergseth (trenar Frigg)  – kampinformasjon

 

16.00 – Sogndal FK Damer – Frigg Fosshaugane CampusMe håpar de set av denne helga saman med oss for inspirasjon, impulsar, motivasjon og kunnskap til jente- og damefotballen sitt beste!

Påmeldingsskjema her

Praktisk informasjon:

  • Gjennomføring av samlinga blir på Fosshaugane Campus

  • Overnatting bookast av den enkelte deltakar.

  • Enkel lunsj og kaffi i samband med gjennomføring av samling begge dagar

Ta kontakt gjerne kontakt med klubben for evt meir informasjon og spørsmål om arrangementet:

  • Tone Bakke, Sogndal FK, mail: 0312tone@gmail.com, tlf: 958 86136

Jon Navarsete