Sogndal FK Damer satsar mot nye mål

av: Jon Navarsete (frilansjournalist og fotballentusiast)

Med base på Fosshaugane Campus har sogndalspelarane på mange måtar ein optimal kvardag. Den relativt nystarta klubben har stabla på beina ein velfungerande organisasjon, og med ambisiøse, unge spelarar som vil opp og fram. Årets sesong i 2. divisjon har bydd på flest oppturar, ispedd nokre bitre tap som syner at det framleis er ein veg å gå. Mot nye mål som til dømes 1. divisjonsspel om ikkje så lang tid.

Utdanning, trening, kampar og sosiale samlingar går hand i hand på Fosshaugane, innafor den fine 5-minuttars ramma. Samarbeidet med Sogndal Fotball har vore utmerka, og fasilitetane er det lite å utsetja på.

Me har vore heldige og møtt berre velvilje frå Sogndal Fotball. Ikkje mange klubbar med slike rammebetingelsar, seier styreleiar Torgeir Strypet. Han fortel om ein klubb som siktar oppover og med ambisjonar om meir enn 2. divisjonsspel.

Men me må bruka den tida som skal til. Mange brikkar skal på plass. Likevel, det har gått overraskande bra til no, og dette er starten på noko som kan bli veldig spennande, meiner Strypet. Med 40 års fartstid i damefotballen veit kaupingen kva han snakkar om. 


Hovudtrenar Robert Hovland er oppteken av vidareutviklinga.

Skal me hengja med og satsa på eitt nivå opp, må me trena betre, gradvis litt meir, og kvaliteten må naturleg nok hevast. Det trur eg me skal klara. Mange av spelarane har ei krevjande arbeidsveke med kampar, lagstreningar, individuelle økter fysisk, treningsøkter på toppidrett skule i tillegg til ordinær kroppsøving ved sida av. Men me passar godt på for å kontrollera mengden og belastninga. Spelarane er unge og i utvikling, så me må ta eit steg i gangen, fortel Hovland. Her har han god hjelp frå Vegard Hovland som har ansvar for å regulere totalbelastning og individualisering. 

Og med tilgang til fysioterapeut på Campus, er spelarane i gode hender. Trenaren rosar og heile trenarapparatet som samarbeider godt. På kvar trening er det alltid 4 trenarar som er med.

Og slik tilhøva er lagt til rette på Fosshaugane Campus, er me svært heldige. Alt ligg i grunnen til rette for ei auka profesjonalisering av klubben. Eg har god tru på vidare framgang for denne gruppa av spelarar, trenarar og mange leiarar. Ei sterk eining, seier Hovland.



Frå lokal jentefotball på Hafslo til Campus og aldersbestemt landslag

Anna Grindhaug (17) kan stå som eksponent for dei framstormande jentene som i årets 2. divisjon har hevda seg overraskande godt. Ho er nettopp heime etter to gode landskampar mot Portugal, med gode tilbakemeldingar. Hafslojenta har hatt fin stigning i prestasjonane denne sesongen, saman med resten av sogndalsjentene.

Å få spela landskampar har jo vore eit mål. Eg fekk to kampar med J-15, og kampane mot Portugal J-18 var ei stor og inspirerande oppleving. Det gjev verkeleg energi til å gå vidare, fortel Anna.

Me er heldige som har så gode treningstilhøve i Sogndal. Alt ligg til rette for at me skal få så godt utbyte som muleg. Det er jo opp til oss å ta vare på denne mulegheiten. Eg stortrivst i miljøet og med gode lagveninner. Me er alle klare for nye utfordringar, seier ei bestemt Anna Grindhaug. 


Slik er ei vanleg treningsveke for Anna:

Måndag: 08.00 Fysisk trening, individuelt, 12.00 VR-trening, 17.00 Lagstrening

Tysdag: 09.55 Toppidrett fotball, teknikk, basis

Onsdag: 08.00 Fysisk trening, 17.00 Lagstrening, 19.00 Analyse

Torsdag: 09.55 Toppidrett, utv.mål, 17.00 Lagstrening

Fredag: 09.55 Toppidrett, fysisk/teknikk/analyse – Lagstrening.

Laurdag: Kamp

Søndag: Restitusjon

Skulesamarbeid og Campus som utviklingsarena

Mange av spelarane, inkludert Anna, går på idrettslinja på Sogndal Vidaregåande skule og tek toppidrett fotball. Der har dei tett og god oppfølging med lærar Johan Salveson i spissen. Dagleg-/ sportsleg leiar Sebastian Kaldestad er som regel til stades på treningane på dagtid også, med kontoret ein aldri så liten langpasning unna.

Også spelarar på Høgskulen har den same korte avstanden til det som skjer av trening og samlingar elles, i tillegg har klubben eit godt samarbeid med ungdomsskulen, noko som gjer at dei yngste spelarane også kan få oppfølging på dagtid.

På Campus finn du og treningssenteret der spelarane kan nytta seg av eit svært så moderne senter, og med god rettleiing når det er nødvendig. I same bygget er det både lege, fysioterapeut og andre former for fysikalsk behandling. Klasseromma ligg vegg i vegg med stadion, noko som betyr raske skifte og kort veg til det som skal skje.

 

Frivilligheit og samarbeid er nøkkelfaktorar

Kaldestad dreg fram frivilligheita som ein av nøkkelfaktorane for at klubben har fått ein så god start. Dette kjenneteikna drifta då toppsatsinga var på Kaupanger, og me er stolte over at det også er tilfelle etter at me etablerte oss på Campus. Sjølv om rammevilkåra har endra seg og me har auka budsjett i høve tidlegare, så er me heilt avhengige av frivilligheita for å skape sjel i det me driv med. Å skapa entusiasme og energi er viktig, og ikkje minst bidreg det til trivsel, både i og rundt klubben. At spelarane skal få ein så god kvardag som mogleg er noko me strebar etter.   

  • Styret gjer ein formidabel jobb i denne tilrettelegginga. 

  • Støttegruppa vår gjer ein fantastisk jobb med kveldsmat til spelarane etter trening, og hjelper til med å arrangera sosiale tiltak.

  • Arrangementsgruppa og frivillige stiller opp på kampdag for å skapa gode rammer rundt kampane våre. Med god hjelp frå Saftkokaradn.

  • Jentefotballens helg er eit resultat av frivillig arbeid.

I sum er dette uvurderleg og noko me kjem til å halda fokus på i fortsetjinga- fordi det er i møte mellom folk at utvikling skjer.  

Jente- og damefotballens helg

Kaldestad peikar vidare på Jente- damefotballens helg som arrangerast komande helg. Eit viktig arrangement for å stimulera til auka samarbeid og løfta opp aktuelle tema og problemstillingar knytt til jente og damefotballen.  ---- Med Tone Bakke i spissen, og med god hjelp frå Kristin Øvstetun og NFF Sogn og Fjordane, vert dette ei helg der me får samla representantar frå klubbane i regionen for fagleg påfyll, idemyldring og relasjonsbygging, seier han.

I tillegg til å samla trenarar og leiarar, så møtast også spelarar frå akademia til Sogndal FK Damer og Førde til trening og kamp.

Me jobbar heile tida for å utvikla oss, ut frå dei rammene me har, fordi det er viktig for utviklinga av damefotballen i regionen at ein har ei tydeleg toppsatsing på damesida. Vonleg vil det vere med å inspirera fleire jenter til å satsa på fotballdraumen, og ikkje minst kan det vere med å stimulere til endå betre satsing i klubbane rundt oss. Vert klubbane rundt oss betre, vert me også betre. Då er det viktig at me skapar gode møtearenaer for diskusjon, styrkar utviklingsarbeidet vårt og er på tilbodssida og stiller opp på gode initiativ frå klubbane rundt oss, seier Kaldestad.   

Auka profesjonalisering 

Til neste sesong jobbar klubben for å leggja til rette for ein endå meir profesjonell kvardag for spelarane. Til dømes treningsleir utanfor skuleferie, lagstrening på dagtid for alle spelarane, for å på den måten å gje spelarane endå betre føresetnader for å utvikla seg. Dei jobbar også for endå betre individuell oppfølgjing og systematikk i dette arbeidet.

Då må me også gradvis auka lønsbudsjettet på trenarar. I tillegg jobbar me målretta og strategisk for at me skal ha forutsigbarheit på den spelartroppen me til ein kvar tid har til rådvelde, seier Sebastian Kaldestad. 

Jobba mot nye mål – løfta lista

Både han og Robert Hovland er overtydde om ein ting:

Det som er bra nok i dag er ikkje godt nok til neste år. Me må halde fram med å utvikla oss - våga å sikta oppover. Me har ein god miks med spelarar som dreg i same retning. Dei er motiverte og har høge ambisjonar, så me er godt rusta for å halda fram den positive utviklinga.

Det er sju kampar att av sesongen. Frigg er første motstandar på Fosshaugane Campus søndag. Eit lag som har funne formen no i haust, så dette vert ein spanande kamp.

Tette, jamne kampar har kjenneteikna årets sesong, noko som er fantastisk i eit utviklingsperspektiv. No har me fokus på å avslutta sesongen på ein god måte. Det er enno langt att, avsluttar duoen Hovland/Kaldestad.

 

Jon Navarsete