Tap for gode Tiller
Det vart tap 0-2 for sterke Tiller i dag. Eitt mål rett før pause og eitt like etter var utslagsgivande. Me hadde eit par store sjansar utan å få utteljing. Og ei felling av Anna like før slutt som burde gjeve straffe, kunne kanskje vore eit håp om poeng.
Men alt i alt var trønderane eit hakk betre enn oss i mykje av spelet ute på bana. Tryggare med ball, røffare i stilen og med meir rutine enn oss. Så denne kampen må me bruka til læring, og eit tap å ta med seg på erfaringsvegen. Det merkast nok at sesongen har vore både tøff og lang nok i den nye 2. divisjon. Me har levert mange gode kampar, så det er ingen grunn til å hengja med hovudet etter eit slikt tap som mot Tiller!
Sogndal FK kjem sterkare att - me er byrja på ein veg opp og fram!