Tid for julefeiring

Siste treninga er avslutta, og sesongen 2022 er over. Julenissen bør ha fine pakkar til denne gjengen!

I går kveld kunne damelaget avslutta sesongen med ei roleg og kjekk trening i Sognahallen. Det har vore eit nær magisk fotballår med innsats og prestasjonar i overkant av det mange såg føre seg. No fortener heile laget, inkludert spelarar, trenarar, leiarar og styret ein velfortent juleferie. Batteria skal ladast, og alle i Sogndal FK Damer skal vera klare for ny innsats like over nyttår.

Julie (t.h) held fram i sogndalsdrakta. Her jublar ho etter scoring mot Øvrevoll/Hosle 2 der me vann 4-0. Josefine, Marte og Anna laga dei andre måla.

Gledeleg for klubben er det at Julie held fram og er tilbake i Sogndal etter nyttåt. 2023 blir eit fotballår med mykje nytt, og eit litt tøffare klima. Den utfordringa skal me ta ved å førebu oss på beste måte. Saman er me sterke!

Me er heldige som har så mange og gode som jobbar for laget.

Så no står det att litt førebuing før julefreden kan senka seg. God Jul til alle.

Jon Navarsete