Uavgjort mot Avaldsnes
Me dominerte stort mot Avaldsnes 2 i lange periodar, spesielt før pause då spelet tidvis fungerte godt. Ei flott langpasning frå Mia fann Julie ute på venstrekanten. Ho slo inn, perfekt, og på bakre kom Emma stormande og breisida ballen i mål. Heilt fortent, og til langt ut i andre omgang såg det ut til å gå mot tre poeng i serieopninga.
Men så er det dette med dødball i fotball. På eit hjørnespark fekk ein Avaldsnes-spelar stå umarkert og nikka ballen i mål. Surt, og klart mot spelets gang. Dei siset 20 minuttane vart oppjaga og litt stressande for våre jenter. Men me hadde sjansar til å avgjera kampen.
Dette var surt, ingen tvil om det. Me styrte mykje av spelet det meste av kampen. Men me må rista av oss skuffelsen. Gå på trening med fornya energi og tru på at me skal bita godt frå oss i kampane som kjem, er trenar Robert sin umiddelbare kommentar.
Det er langt igjen, og kampane kjem tett i tett. Uavgjort og eitt poeng er godt å ta med seg. Me skal kjempa for poeng i samtlege serie- og cupkampar!