Vel møtt til ein kaffiprat i forkant av treningskampen til helga!
Treningskamp mot Førde
På søndag komande tek me imot Førde til treningskamp i Sognahallen klokka 15:00. I forkant av kampen er det mogleg for foreldre og andre interesserte å vere med på ein kaffiprat med nokre av trenarane i Flostova. Møt opp klokka 14:15 for litt informasjon og høyr kva tankar vår nye hovudtrenar, Martin Natvig, har om oppstarten og om sesongen som kjem.
Under kampen vert det enkel kiosksal, møt opp og støtt damene!
Vel møtt til både kaffiprat og kamp!