2. divisjon 2023: Frå Trondheim i nord, til Grimstad i sør
Det blir “Mil etter Mil” for Thea og Sogndal FK Damer neste sesong. Men mange attraktive lag gjer at det blir ein utfordrande og interessant sesong. (Foto: Sogndal Fotball)
Eg trur Molde og Viking er dei største favorittane. Og dette blir nok ei utfordring for oss, både sportsleg og med lange reiser. Men me skal vera godt førebudde og gje samtleg lag kamp til døra, er trenar Robert sin umiddelbare kommentar. Her er dei to avdelingane, med Sogndal i avdeling 1. Også Sebastian ser fram til ei utfordrande avdeling med mange gode lag.
Her blir det kvalitetskampar kvar helg. Utviklande og kjekt, er Sebastian sitt syn på avdelingsoppsettet.
Me skal jobba knallhardt for å stå godt rusta til seriestart.