Godt, nytt fotballår. Me er i full gang att!
Sesongen 2023 har starta. Første treninga i Sognahallen i kveld med god intensitet og ivrige spelarar. Det var heilt tydeleg at motivasjon og spelelyst prega det som skjedde. 2. divisjon denne sesongen er som alle veit ei nyskaping med to avdelingar og 28 lag. Me skal førebu oss godt for å møta den nye utfordringa. Natalie Høgi er snart ein del av spelarstallen når ho signerer for klubben. Ho går over frå Sogndal Damelag og blir ein spennande spelar for oss. 14-åringen med fleire landskampar for Norge J-14, har trent med laget vårt før, så det kan bli eit hyggeleg møte!
I midten av februar reiser heile troppen til Barcelona på treningsleir. Noko å sjå fram til i ein heller lang treningsperiode i januar. Men ut frå det me såg i kveld, er det lite som tyder på “laber bris” i denne gjengen. Humør og speleglede - og ikkje minst raoskap - er framleis ei merkevare for Sogndal FK Damer.
Ny trenar med oss er Jan Tore Slinde. Han bidreg på minst ei trening i veka, ved sida av jobben som trenar for Sogndal Damelag i den lokale kretsserien. Samarbeidet mellom desse to klubbane er viktig, og han vil bli ein god medtrenar i det som er eit viktig lagarbeid. Velkomen, Jan Tore.