AaFK nokre nummer for store i første treningskamp
AaFK Fortuna-Sogndal FK 8-0
Laget:
Marthe G.Stølen(Førde), Ella B.Hestetun, Marte Hollevik (ut 46.), Mia S.Eriksen, Ine L.Dale (ut 46.), Vårin E.Ness, Anna Grindhaug, Andrea Henjesand(ut 31.), Vilde T.Mardal (ut 60.), Andrine O.Endestad (ut 70.), Julie S.Pettersen
Innbyttarar: Victoria Zablotna (inn 46.), Sigrid Welle (inn 46.), Eli S. Skjølberg (inn 60.,) Mari Heggestad (inn 31.), Natalie N.Teigen (inn 70.)
Tung dag på jobb
Då er første 90 minuttar for året gjennomført. Ein kamp som med Sogndal FK auger bar preg av at det nettopp var første kampen for året. AaFK var det førande laget frå start til slutt og det er berre å erkjenne og lære av at vi fekk så hatten passa av eit skarpt 1.divisjonslag i dag.
Referanser
Hovudtrenar Martin Natvig seier laget fekk ein nyttig referanse på nivået over..
Vi blir hengende etter mot et lag som spiller med høy intensitet og gode relasjoner. Vi skal bruke kampen til å jobbe med noen konkrete deler av forsvarsspillet vårt som vi ser vi må justere og vi må generelt jobbe videre med intensiteten vår uten ball.
Vi bretter opp ermane og jobbar på vidare inn mot treningsleir om ei god veke. Ellers var det kjekt å sjå Ine L. Dale tilbake igjen i kamp etter korsbåndskade.
Takk for kampen til dommarar og AaFK Fortuna. Vi ønskjer dei lykke til med sesongen!
Fleire hospitantar fekk prøve seg
Marthe Gjerde Stølen (f. 1997) stod i mål denne kampen. Ho bur og spelar i Førde. Er frå Lærdal og har tidlegare spelt på Kaupanger. Victoria Zablotna (midtstopper) og Sigrid Welle (venstre back) var også med frå Førde. Begge er fødde 2006 og spelte 2.omgangen. Dei har vore med å hospitert på treningar i januar.
Eli Sofie Skjølberg, f. 2005, er frå Bremanger og spelar for Måløy. Ho har også hospitert med oss no i januar og skal vere med på treningsleir.
Vi takkar spelarar og klubbane Måløy og Førde så mykje for lånet.