Heime att etter ein velukka treningsleir i Torremolinos

Ei innhaldsrik veke på tur

Totalt 31 stykk (24 spelarar og 7 i støtteapparat) har siste 9 dagane våre på treningsleir i Torremolinos i Spania. Me sit igjen med gode opplevingar, både på og utanfor fotballbana. Det vart spelt ein treningskamp tidleg i opphaldet. Kampen mot Malaga City FC enda 3-3 og måla vart scora av Andrine O. Endestad, Anna Grindhaug og Vårin Ness.

Det har vore eit flott opphald, der me har fått jobba godt med spelet vårt og korleis me ønskjer å framstå denne sesongen. Spesielt nyttig var det med treningskampen, der alle tilgjengelege fekk speletid, samt fleire økter med storbanespel seir hovudtrenar Martin Natvig.

 

Spelartropp på treningsleir: Marthe G. Stølen (Førde), Konstanse Henden (Eid IL), Ine Langen Dale, Kristine Hovland, Marte Hollevik, Andrea Henjesand, Anna Grindhaug, Mia Johannesen Bakke, Marte Aaberge, Thea Sviggum Elle, Andrea Sælid Njøs, Andrine O. Endestad, Julia Felde, Kaja J. Skrede, Julie Slattum Pettersen, Stine Fimreite, Ella Hestetun, Vårin Laila E. Ness, Mari Heggestad, Vilde Mardal, Mia Eriksen, Eli Sofie Skjølberg (Måløy FK), Natalie N. Teigen (Kaupanger IL), Alida H.Kilen (IL Jotun) 

Støtteapparat: Martin Natvig, Sebastian Kaldestad, Roger Hjellhaug, Vidmar Hjellhaug, Johan Salveson, Marianne Mellesdal, Håkon Ølmheim.

 

Med eit breitt og kompetent støtteapparat med på tur er det lagt godt til rette for utvikling og ikkje minst god tilrettelegging for dei som er skada i troppen. Fysioterapeut Håkon Ølmheim var med på sin første treningsleir med laget. Per no er det litt smårusk på skadefronten, og eit par som er i opptrening etter operasjon. Det er positiv utvikling på alle og me er godt i rute til å vere i midten av februar.   

 

Samarbeid og gode støttespelarar

At me får gjennomført treningsleir i ei ordinær skuleveke er ikkje ei sjølvfølge seier sportsleg leiar Sebastian Kaldestad. Det er mogleggjort på grunn av eit godt samarbeid med vidaregåande skule og god dialog med fagansvarlege på høgskulen. Med oss på turen hadde me ansvarleg for toppidrett fotball på Sogndal VGS, Johan E. Salveson. Då har spelarane som har hatt behov for det hatt moglegheit til oppfølging av skulearbeid, samt at det er gjennomført fagdag for toppidrett og oppfølging både i spansk og treningslære.

 

I tillegg må me få rette ei stor takk til alle våre støttespelarar og gode partnerar som mogleggjer ein slik tur!

Sebastian Kaldestad