Andrine Olsen Endestad klar for Sogndal FK Damer

Andrine Olsen Endestad, f. 2003, er klar for Sogndal FK Damer.

Andrine kjem frå Eikefjord og har dei siste 4,5 åra kombinert skulegong med fotball i Molde. Der har ho bl.a vore med på opprykk til 1.divisjon i årets sesong og i tillegg vunne NM J19 i 2023 sesongen. Før ho gjekk til Molde gjekk ho 1.år VGS her i Sogndal og spelte for Kaupanger.

Ho er ein spelar me kjenner godt frå før og me meiner ho vil vere med å komplimentere angrepsrekka vår på ein god måte seier sportsleg leiar Sebastian Kaldestad. Ho er ein god boksspelar og ein typisk målscorar, noko me fekk erfare då me sist møtte Molde borte i 2023 sesongen. Andrine scora 1-1 målet i det 88.minutt og var med på å snu kampen, ein kamp Molde til slutt vann 2-1.

Andrine sjølv gledar seg til å komme i gong i ny klubb over nyttår og seier ho har eit veldig godt inntrykk av klubben og laget. Sogndal FK Damer har ein synleg profil og gjer ein viktig jobb for jente- og damefotballen i regionen. Eg ønskjer å vere med å bidra på ein positiv måte, både på og utanfor bana, og ikkje minst bidra med flest mogleg målpoeng.

Me gler oss til 2025 sesongen med deg på laget! Velkommen skal du vere!

Sebastian Kaldestad