Siste balløkt denne sesongen

Martin tek ein liten pep-talk før siste balløkta denne sesongen. Men i morgon torsdag må dei gjennom ein fysisk løpetest før juleferien startar.

Sesongen er over, me har gjennomført med stil til tredjeplass i årets 2. divisjon. Treninga har gått sin vante gang også etter sesongslutt, og det har vore både viktig og samstundes tilført oss nye impulsar. 2025-sesongen vil bli interessant og gje oss nye utfordringar. Dei skal me ta, og visa at me tek nye steg gjennom vinteren og sesongførebuinga.

Trenarkorpset kan også sjå fram til litt rolegare dagar framover.

Det meste av planlegginga for neste sesong er klar. Me kjem tilbake med litt nytt om ikkje lenge. No kan spelarane få fri nokre dagar til juleførebuingar og lada “batteria” til me startar opp like etter nyttår.

Trening og godt humør. Ein fin kombinasjon.

Jon Navarsete