Takk til sponsorane

Dei frammøtte sponsorane vart takka for støtten ved ei tilstelling etter treninga tysdag.

Sesongen 2024 er forbi, men treninga held me i gang. Tysdag kveld var det tid for kveldsmat og ikkje minst, å takka våre trufaste sponsorar for den viktige støtten dei er. Trenar Martin tok ei lite tilbakeblikk på det sportslege denne sesongen, og retta samstundes blikket inn mot 2025-sesongen.

Me er klare for nye utfordringar, og med den støtten me har frå sponsorane, kan me halda fram det viktige arbeidet og satsinga mot nye mål og ny framgang.

  • Tusen takk for uvurderleg hjelp og støtte frå alle sponsorane. Samstundes takk til alle i støtteapparatet som gjer det muleg for oss å driva klubben framover, var trenar Martin sin kommentar til stor applaus frå spelarar, leiarar og trenarar i SFKD.

Jon Navarsete