Bortepoeng mot Vålerenga 2

Me hadde leiinga lenge, men Vålerenga 2 kom igjen og utlikna på Intility, slik at kampen enda 1-1. Trenar Martin var nøgd med mykje av det han såg, men veit at damene har meir å gå på.

Andrea er i scoringshumør, og det er viktig for oss. På slutten fekk me diverre annulert ei scoring der Andrea igjen var involvert.

Mot Vålerenga var det gledeleg å sjå Thea i gang igjen. Håpar ho kan spela seg i god form att!

Likevel er det godt å koma frå ein bortekamp på Intility med poeng. No ser me fram til NM-kampen og 1. runde mot Raufoss, også den på bortebane. Kampen vert spela 9. mai kl. 16 på Nammo stadion.

Me håpar på støtte frå tribunane der og!

For Mia er det spennande dagar og EM-sluttspel i Sverige for Norge J-17. Det vart tap 0-3 for dei norske jentene i opningskampen mot England, I morgon onsdag ventar Frankrike. Mia klarte seg fint, og ei slik turnering mot dei beste laga i Europa er tøff og god læring. Stao Pao, Mia. Me heiar på deg!

Elles er neste seriekamp heime mot Porsanger laurdag 18. mai.

Mia aksjon for Norge J-17 i kampen mot England. Ein flott representant for Sogndal FK i EM-sluttspelet. I morgon står Frankrike for tur. (Foto: NFF)

Jon Navarsete