Cupdrama av beste merke

Me er klare for 2. runde i NM. Høgdramatisk på Nammo stadion då Maia viste klassse med to redningar i straffekonkurransen. Men igjen - LAGET står fram med enorm innsats og tæl mot eit Raufoss som kjempa voldsomt.

Maia gjekk i bresjen og slo til med to redningar i straffekonkurransen. Me er klare for 2. runde i NM

  • Dette var ein heilt spesiell fotballkamp. Me var førebudde på tøff motstand, fysisk og med masse duellar. Og slik vart det, til gagns. Sterkt at me avgjer etter at dei utlikna i sluttsekundane. Straffekonk er alltid dramatisk. Me takla det best, seier ein letta trenar Martin. Jubelen var både høglydt og ellevill då sigeren var sikra!

  • Cup er cup - det ser me gang etter gang. No håpar me på eit oppgjer a la fjorårets cupdrama mot Arna-Bjørnar. Kom igjen NFF - Gje oss Vålerenga med Thea, Elise og Ylinn. Eller Brann. På Fosshaugane sjølvsagt! Det vil uansett bli ei magisk hending for jentene, trenarane, støtteapparatet og alle som følgjer oss,

  • No er det heim og førebu seg til seriekamp mot Porsanger laurdag 18. mai. Me øver og trenar for å bli endå betre. Kvar dag!

Marte S. Aaberge ga oss leiinga 1-0 mot Raufoss. Marte Hovland følgde opp med 2-1 scoringa.

Jon Navarsete