2. runde NM mot toppserielaget Åsane

Tre som heilt sikkert er klare for kamp, både mot Porsanger og Åsane når dei kjem på besøk. Nathalie, Vilde og Ella.

Etter ein god treningsperiode er det først klart for møtet med Porsanger og kampen om seriepoeng førstkomande laurdag. Og - gledeleg har NFF sett oss opp mot Åsane, med heimekamp på Fosshaugane i cupen.. Det er berre å gleda seg til eit nytt cupdrama a la fjorårets kamp mot Arna-Bjørnar. 2. runde NM er sett opp med kampdag 12. juni, men kan bli spelt på annan dato.

Men først altså, heimekamp mot Porsanger. Ein viktig kamp der me skal visa at formen er på stigande. 1-1 i siste kamp mot Vålerenga i Oslo var heilt ok. Porsanger kjem frå siger mot “naboen” Bjørnevatn. Så det er best å vera skarpskodd og klar til innsats!

Mia klar for møtet med Sverige sist laurdag. Det vart siger 2-0. Bravo. (Foto: NFF)

Elles har Mia fått opplevd både siger og tap med Norge sitt J-17 landslag. Josefine T. Lefdal var og med i troppen. Å avslutta med siger 2-0 mot Sverige var viktig og ei skikkeleg oppmuntring etter klare tap for England og Frankrike. Me er stolte over å ha med spelarar på dei nasjonale laga våre. No var det Mia sin tur, og ho kjem tilbake med gode referansar, noko som vil koma medspelarane i Sogndal FK til gode. Gratulerer med flott innsats, Mia!

Jon Navarsete