Marte vann 3000 meter i Bergen i konkurranse med 20 løparar

Marte har kontroll både på fotballbana og i løpebana for tiden. I kveld vann ho 3000 meter i eit seniorfelt på Fana stadion

Løparjenta vår, Marte imponerer meir og meir med sine ferdigheiter på friidrettsbana. I kveld vann ho like godt 3000 meter på Fana stadion med tida 9.34.36, berre to sekund bak VM-kravet.

  • Eit rotete løp med 21 deltakarar. Eg trur sikkert eg skal klara kravet også på denne distansen. Formen er god, så eg ser fram til fleire konkurransar, seier Marte etter løpet. Ho betra med det sin eigen krinsrekord på distansen.

Frå før har ho greidd kravet til VM U-20 både på 1500 og 800 meter. Spesielt det siste løpet med tida 2.07.40 er imponerande. Og det gjorde ho dagen etter cupbataljen mot Raufoss med ekstraomgangar og straffekonkurranse! På 1500 metter er bestetida hennar 4.23.91.

VM blir arrangert i Peru i slutten av august. Marte gler seg naturleg nok storleg til det. Ho skal til sveitsiske St. Moritz på høgdeopphald før VM. Men no rettar ho blikket mot Porsanger og kamp på laurdag. Ho får tid til litt russefeiring og, i rolege former.

Her smiler Marte etter eit sterkt terrengløp. I kveld vann ho 3000 meter på Fana stadion. Du er litt av eit raoskinn, Marte!

  • Eg har fokus på idretten, men det skal bli kjekt med russefeiring og, seier vikjajentao. Me går får siger og tre poeng mot finnmarkslaget, avsluttar Marte, på veg heim i bilen saman med pappa Robert etter eit nytt kanonløp.

  • Me gratulerer så mykje. Du er ein flott representant for laget vårt!

Jon Navarsete