Surt tap mot Sarpsborg - me snur det til siger i Finnmark!

Slik følest det å tapa ein fotballkamp. Men ingen grunn til å deppa lenge. No er det Kirkenes og Bjørnevatn neste. Der skal me slå tilbake!

Det gjekk på ingen måte slik me håpa mot Sarpsborg 08. Me kom aldri skikkeleg i gang, verka litt usikre og tafatte i opninga. Det kosta oss to baklengsmål. Etter kvilen kom me godt i gang og hadde sjansar til redusering og nytt håp om poeng. I staden kontra sarpingane inn det tredje målet, og dett var dett.

Fotball er aldri matematikk eller automatikk. Normalt er me sterke og offensive på heimebane. Denne dagen stemte det ikkje. Som trenar Martin sa etter kampen:

Martin oppsummerte kampen med velvalde ord. Konkret, la ikkje skjul på skuffelsen alle følte. Men i fotball kjem det heldigvis ein ny kamp. Då skal me løfta oss.

  • Dette er ikkje slik me ønskjer å framstå. Men i fotball må me takla å tapa og. Det er lov å vera skuffa, men snart er det trening igjen. Ny motivasjon og energi. Me må gleda oss til kamp mot Bjørnevatn og tur til Finnamrk.

Her er laget samla saman med akademispelarane i Sunnfjord og Sogn, og med jenter frå Syril 10-13 år. Og som alltid, Saftkokaradn er med!

Før kampen mot Sarpsborg 08 var det samling av akademispelarar frå Sunnfjord og Sogn. Jentespelarar frå Syril var også med, og dei fekk lærerike og gode treningsøkter leia av trenarkorpset vårt. Ei viktig satsing og ein del av Jenteløftet. Dette er eit svært viktg og lærerikt opplegg. Underskogen må pleiast, for framtidas spelarar finn me nettopp i slike miljø og blant desse jentene. Vel blåst!

Marte tek seg også tid til litt triksing med ball. Og i løpebana går det unna for tida!

Til slutt, Marte sluttar aldri å imponera. Fredag kveld kl 21.30 sprang ho inn til ny pers på 1500 meter, 4.21.78 under eit løp på Jessheim. Imponerande. Så var det litt søvn før ho stilte til kamp mot Sarpsborg nokre timar etterpå. Du er nettopp dette, ja - RAOE! Gratulerer med flott innsats, Marte. Du inspirerer og imponerer.

Jon Navarsete