Sjølvsagt scora Vårin. 1-1 mot Bjørnevatn
Vårin var tilbake på bana og scora. Det heldt nesten heilt inn for oss etter ein strålande laginnsats. Trass i ei utlikning fire minuttar på overtid, er det likevel sterkt å ta poeng i ein vrien bortekamp. No rettar me blikket mot cupkampen onsdag, når Topserielaget Åsane kjem på besøk.
Det vart poengdeling mot heimesterke Bjørnevatn då me var på langtur til Sør-Varanger og Finnmark.. Vårin si tidlege scoring heldt til fire minuttar på overtid. Då utlikna vertene.
Sjølvsagt litt surt at det glapp heilt på slutten. Men alle leverte ein kjempeinnsats og stod i mot då Bjørnevatn pressa oss mot slutten. Trass alt eit viktig poeng å ta med seg, seier Vårin, som jo har røter frå Finnmark med ei mamma frå Vardø.
Også trenar Martin var godt nøgd med laginnsatsen. Det er alltid skuffande når du har sigeren i lomma. Men slik er fotballen nokre gonger. Diverre fekk Julie ein smell i skulderen og måtte gå ut. Me håpar ho er klar til innsats når Åsane kjem på besøk til NM-kamp på onsdag.
Då håpar me og at det blir folksamt på tribunane. Me har alt å vinna mot Toppserielaget, som naturlegvis er storfavorittar. Men me skal visa at slagordet “Cup er cup” gjeld også i 2024.