Åsane som venta for sterke

Åsane vart som venta for sterke for oss. No rettar veteran Vårin og dei fire ungjentene blikket mot Røa 2 søndag. F.v Mari, Vilde, Ella og Nathalie.

Me klarte ikkje å stå i mot Toppserielaget Åsane. Eit langt meir rutinert, og naturleg nok betre fotballag. Å tapa mot ein betre motstandar er heilt greitt. Me lærer av det og går vidare med friskt mot. Søndag ventar Røa 2 til viktig kamp om poeng i 2. divisjon.

Me har god tru på å visa oss frå ei god side og spela fotball slik me kan på vårt beste. NM-kampar mot lag frå Toppserien er tøffe tak, og viser at me må berre halda fram og trena meir, betre og med klare mål. Laget vårt er ungt og med heller liten rutine. Den kjem med erfaring og fleire kampar mot god motstand.

Me håpar at våre trufaste tilskodarar møter opp og heiar på oss. Me har lyst på tre poeng og ladar batteria. Søndag kl 12 er staden Fosshaugane Campus.

Spelarane samla etter Åsane-kampen, i lag med balljentene, Sogndal J-9, supportera frå Kaupanger i lag med Saftkokaradn.


Jon Navarsete