Viktig siger mot Røa 2
Å avgjera kampar i sluttminuttane gjer alltid godt. Mot Bjørnevatn sist helg mista me to poeng på overtid, medan denne gongen var det vår tur å ha marginane på vår side.
Sjansemessig var me overlegne i denne kampen. Men det tok litt tid før den forløysande scoringa kom. Anna skaut presist og kontrollert over keeper, før Nathalie slo til frå 20 meter rett i mål. Så kom det to baklengs som skapte uro hjå oss. Det blir nok eit samtaletema når analysen ligg føre. Det er godt å få det avgjerande målet like mot slutten. Det såg litt spøke ut på eit hjørnespark i siste sekund. Heldigvis stod me i mot og kunne jubla for siger og tre viktige poeng. No er det berre å nullstilla og gjera seg klare til tøffe utfordringar og to bortekampar mot Frigg og Ham Kam. Og utfordringar det likar me!
Før kampen var våre gode sponsorar samla til ei orientering om stoda i klubben. Styreleiar Tone orienterte om arbeidet i klubben og presenterte styremedlemane. Ho sa det er viktig å ha fokus på det me er gode på, at samarbeidet i klubben fungerer godt på alle plan. Ho rosa samarbeidet med Sogndal Fotball og dei flotte fasilitetane me dreg nytte av på Fosshaugane Campus. Vidare kor viktig det er å vera synleg i dei ulike sosiale media. Der gjer Kari ein stor og viktig jobb. Sebastian la vekt på mulegheitene me har i Sogndal, men også utfordringar me må ta. Martin fortalde om trening og korleis dei tenkjer for å utvikla laget. Han er tilsett i 100% stilling, ei viktig satsing for Sogndal FK. Ole Petter takka sponsorane for støtte, og at dette er ein viktig stimulans for heile klubben. Stor takk til Umbro, NTP, Gasta og Intersport for å få den nye drakta på plass. Og takk for ei triveleg stund på Fosshaugane. De inspirerer og motiverer oss. At det vart tre poeng og siger passa utmerka.
Til slutt kunne Kari presentera den nye, flotte bortedrakta til Sogndal FK. Den slo godt an hjå alle. Det har vore ein heil prosess for å få denne på plass, kunne Kari fortelja. Umbro og dei andre viktige sponsorane har vore gode samarbeidspartnarar. Godt jobba!