Sterk bortesiger mot Frigg

Jubel i leiren etter 3-1 mot Frigg. Julie, Marte og Kristine. Strålande innsats ga ny siger! OgKent, han er alltid med oss - og takk for det!

Stor jubel då me kunne gå av bana med 3-1 siger over Frigg. Oslolaget utlikna til 1-1 etter at me tok leiinga på eit sjølvmål. I andre omgang tok me skikeleg tak og scora to gonger ved Anna og Julie. Knallbra innsats av jentene. Siger på bortebane er gull verdt.

To av dei yngste på laget, Mari og Vilde kan begge vera nøgde med jobben dei gjer for laget.

  • Flott innsats av alle. Me lukkast med mykje av det som var slagplanen. Me kontrollerte kampen i lange periodar, og våga å spela vårt eige spel. Dette smakte godt og gir oss masse inspirasjon til å gå vidare, sa ein godt nøgd trenar Martin.

  • Det vart ein flott fotballdag i Oslobygdi, etter som Sogndal følgde med med siger mot Lyn.

  • “Sogndal er Bra”.

  • No skal me gje Ham Kam tøff kamp på Briskeby til helga.

Jon Navarsete