Me takkar av fem flotte jenter- for denne gong
Me går sommaren i møte og då er det som regel slik at me må takke av spelarar. Slik er det også i år. Utdanning, forsvarsteneste og eventyrlyst kan ein ikkje stå i vegen for. No inn i sommarpausen takkar me av desse 5 flotte ambassadørane for Sogndal FK Damer
F.v. Nathalie Høgi, som skal kombinere skule og fotball på austlandet. Ingrid Krakhellen skal over dammen og kombinere utdanning og eventyr i North Carolina. Lena Heggestad skal ikle seg grønadrakti i Kongens teneste. Militæret blir det også på Thea Lovise Holsen, som først flyttar heim til Førde før turen går til Finnmark og garnisonen i Sør-Varanger. Kaja er ferdig på idrettsutdanning på HVL og no går turen til Trondheim for vidare studiar saman med kjærasten og hunden.
Alle er samstemde på at det har vore flotte år i klubben, både på og utanfor bana. Det har vore supert å vere ein del av jente -og damesatsinga i ein klubb som vil opp og fram seier Kaja som nettopp har fullført ein bachelorgrad innan idrett; Det har vore både kjekt og utviklande med studiar på HVL kombinert med fotballen. Noko som verkeleg kan anbefalst for andre fotballjenter som i desse dagar vurderer kvar dei skal studere.
05-jentene, Lena, Thea og Ingrid er klare på at å komme inn i eit prestasjonsmiljø der det blitt sett høge krav har vert veldig motiverande. Dei har alle trivst veldig godt på Sogndal Vidaregåande skule, som har lagt godt tilrette for at dei har kunne satse på fotballen.
Me ønskjer alle lukke til vidare både med studiar og med fotballen Kanskje ser me dei igjen på Fosshaugane Campus ved eit seinare høve.
Med spelarar ut kjem det også spelarar inn. I løpet av sommaren vil me presentere både nye og kjende fjes som vert ein del av stallen frå hausten.