Ella og Nathalie klare for Sogndal FK Damer

Ella Berge Hestetun og Nathalie Høgi er klare for spel for Sogndal FK Damer. Begge jentene er 2008 modellar og har hospitert med oss i over eitt år.

Ella kjem frå Årdal og har spelt aldersbestemt for IL Jotun. Ho er ein allsig spelar, som primært har spelt indreløpar og sentral midtbane.

Nathalie er frå Sogndal og kan spele både spiss og kant. Ho har vore på fleire aldersbestemte landslagssamlingar og scora mellom anna J14 landslaget sitt første mål.

Begge er veldig dedikerte fotballspelarar, i tillegg er dei sprudlande og blide jenter, så dei vil passe godt inn i spelargruppa vår seier Sebastian Kaldestad. Dei har gått ein god skule fram til no og me gler oss til å vere med å vidareutvikle dei her hjå oss.

Sebastian Kaldestad