No brakar det laust med offisielle kampar på Fosshaugane Campus - Cupkamp 2. påskedag og serieopning søndag 16.04
To heimekampar på ei veke. No er me endeleg i gong!
Mandag klokka 15:00 tek me imot Volda til 1.runde NM kamp på Fosshaugane Campus.
Søndag klokka 13:00 møter me Avaldsnes 2 til serieopning i årets 2.divisjon. Same helg så spelar også herrelaget sin første heimekamp for sesongen, laurdag 15.april klokka 15:00 mot Sandnes Ulf.
Det vert godt å kome i gang med teljande kampar att. Sjølv med litt variable resultat i oppkøyringa er me godt i rute. Stort sett alle i spelarstallen er klare for kamp og me har fått trent godt siste tida seier hovudtrenar Robert Hovland.
Vinteren har vore litt variabel med litt skadar og sjukdom, ein avlyst treningsleir til Spania og med litt for mange baklengs i treningskampane. Me har valgt å møte tøff motstand i vinter og har spelt treningskampar mot Fyllingsdalen, Loddefjord, Åsane, AAFK Fortuna, Molde og Førde. Her sit me igjen med gode referansar og ein del tankar om korleis me skal vidarutvikle oss som spelarar og som lag.
Me satsar på gode tilskodartal og flotte rammer i årets sesong også, så me håper flest mogleg tek turen til Fosshaugane Campus både på cupkampen og i serieopninga.
Har du endå ikkje sikra deg årskort til kampane, kan du gjere det her: kjøp sesongkort
Eller så kan du gjere ved å møte spelarane på stand på laurdag 15.april frå klokka 11:30-14:00 på AMFI Sogningen, Sjøkanten, COOP på Kaupanger eller på Pyramiden i Gaupne.