I morgon, 3. januar er det på´an igjen
2024-sesongen startar alt i morgon. Klokka 18.30 er spelarane tilbake på treningsfeltet etter ein velfortent julepause, med innlagt eigentrening. I år blir det truleg 3 avdelingar i 2. divisjon med 10 klubbar i kvar av dei.
Det er berre å gjera seg klar for nye fotballdrama, meir spenning og underhaldning. Martin Natvig er ny trenar, men elles er heile apparatet rundt laget det same gode.
Legg ved ein faksimile frå S/SA og det første damelaget i Sogndal. Det er 40 år sidan. Mange kjende ansikt og trenar Elmer Sjøvoll. Etter han kom Wenche Bakke Torvanger som spelande trenar. Så Torvanger-namnet har gjort seg gjeldande i Sogndal- og Kaupanger-fotballen i ei årrekkje!
Elmer Sjøvoll og damelaget til Sogndal i 1984. Jentefotballen var smått i gang eit par år før.