Årsfest med stil og god stemning
Som det høver seg eit godt fotballag, høyrer det med å feira med stil når sesongen er over. Svært mange som skal takkast for uvurderleg innsats for laget, og så er det slik at nokre forlet klubben. Då er det gjerne spesielle følelsar i sving. Fint innslag var det av spelarane som bidrog med morosame og gode dikt om alle som bidreg for Sogndal FK Damer.
Tone ønskte velkommen og framheva nettopp dette - me er eit skikkeleg LAG. Mange som gjer jobben, difor er det all grunn til å markera med ei feststund.
Torgeir tok oss gjennom sesongen og stoda i klubben. Han veit det meste om damefotball og organisasjon etter kring 40 år som leiar i kveinnefotballen.
De kan vera tolte over innsatsen, både spelarar og støtteapparatet. Sesongen har bydd på flest oppturar, og nokre små nedturar som me var budde på. Me skal utvikla klubben vidare, på alle plan. Me har eit godt ry, med flotte ambassadørar som me må ta vare på. Og de spelarane har svært mykje av den æra med eit smittande humrør og speleglede ute på bana. Når me startar for alvor på nyåret, skal me ta fleire steg vidare i utviklinga. Me må ikkje bli fornøgde, men alltid sjå framover mot nye mål, sa Torgeir
Robert sin siste kveld med gjengen vart sjølvsagt litt følelseslada.
Etter tre flott år med fotball blir det naturleg nok rart. Stille, ein rar følelse. Mange tankar om alt me har opplevd. Eg er stolt over det me har fått til i lag. Masse lukke til i tida som kjem. Eg er sikker på at det blir bra. De har mykje å bidra med, var Robert sine ord, til ståande applaus frå festlyden.
Sebastian brukte følgjande ord for å beskriva Robert og det han og heile laget står for.
- Stolt. Lidenskap.Pågangsmot. Trøkk. Dette må me oppretthalda. Takk for ein strålande innsats, Robert.
Så var det Silje sin tur. Ho takkar av etter ein lang fotballkarriere. Ho blir sakna, og har hatt ein lang og god fotballkarriere. Ein flott representant for laget vårt!
Saftkokaradn var naturlegvis tilstades. Dei hadde med gåver til Robert, og årets spelar slik dei ser det, nemleg Anna.
Andre kåringar: Spelarane sin spelar 2023: Krisitine. Trenarane sin spelar: Anna, som og er årets toppscorar. Utviklingsprisen: Mia.
Så er det verdt å nemna at Andrea, Mia og Anna var med som instruktørar og bidrog til at Syril frå NFF fekk prisen som Norges beste arrangør av Tine Fotballskule. Godt jobba av dei tre, og me var også med på fotballskular for jenter i Eid og Lærdal. Slike tiltak gir oss gode tilbakemeldingar og eit godt rykte ute blant klubbane.
Sist, men ikkje minst, velfortent ros til Kent og Siri for deira innsats og glød for laget vårt! Uvurderleg.