Ny hovudtrenar på plass - Velkomen på laget, Martin!
I kveld vart vår nye hovudtrenar presentert for spelarane. Trønderen Martin Natvig tek over etter Robert Hovland. Natvig har skrive under på ei kontrakt som strekker seg ut 2025 sesongen. Han er tilsett i ei 100% stilling med base på Fosshaugane Campus. Bakgrunnen har han frå den tradisjosnrike fotballklubben i Steinkjer.
Ein stor og viktig dag for Sogndal FK Damer. Me tek endå eit steg i utviklinga, så dette blir spennande. Martin har overtydd oss om at han er rett mann å satsa på, seier styreleiar Torgeir Strypet.
Frå Sogndal Fotball til Sogndal FK Damer
Natvig har jobba i Sogndal Fotball sidan 2020, først på akademiet, seinare som assistent for Sogndal 2 saman med Nils Tore Krosshaug. Han har UEFA B-lisens og bachelorgrad frå idrett ved høgskulen.
Eg ser fram til å jobba med dette unge og framstormande laget. Eg har følgd med laget nokre kampar, og dei er ein ivrig og spennande gjeng, fulle av energi og pågangsmot, seier Natvig.
Dette er ein sjanse eg ikkje kunne seia nei til. Eg blir med på nokre treningar før nyttår, men startar for fullt frå starten i januar.
Kapteinen har trua
Dette trur eg blir svært spennande. Mange og gode tankar om fotball og korleis me skal utvikla oss vidare. Han verkar å vera ein kjekk kar med klare meiningar om korleis han vil ha det. Dette ser eg fram til, seier lagkaptein Krisitine Hovland.
Sogndal FK Damer ønsker å takke Sogdal Fotball for ein god prosess rundt tilsetjinga av Martin.
Velkomen til oss Martin!