0-0 mot Bryne - siste kamp er mot Avaldsnes borte
Siete heimekampen enda mållaus, 0-0 mot Bryne. For Robert vart det eit farvel med Fosshaugane - i denne omgang. Me var klart best etter kvilen og kunne avgjort til vår fordel. Men igjen - me hevdar oss godt mot eit robust og meir rutinert lag. Slik me har vist ved fleire høve denne sesongen.
No ventar Avaldsnes 2 på bortebane til helga. Ein lang og krevande sesong går mot slutten. Alle, inkludert trenarar, leiarar, støtteapparat og spelarar har verkeleg lagt sjela i arbeidet. Me skal avslutta med stil mot John Arne Riise og Co. Me har klart målsetjinga - spel i 2. divisjon også i 2024.