Takk for innsatsen, Robert

Ein prega Robert i lag med spelarane etter onsdagstreninga. Like før dei får vita at han gir seg som trenar.

Etter tre år med mange oppturar og ekte engasjement for klubben, takkar Robert for seg. Det blir litt rart, men lett å forsåt at det har kosta både tid og krefter. Du har vore ein bauta med ein klar filosofi som du aldri har lagt skjul på, eller tvilt på.

  • Dette blir veldig rart. Det har vore tre utruleg kjekke år, inspirerande med ei slik gruppe spelarar og alle som jobbar for klubben. Alt har si tid, og eg merkar at det tek på i denne bransjen, seier ein prega Robert. Han har nettopp avslutta treninga og gjer seg klar til kveldsmat i lag med spelargruppa.

  • -Det er også litt på den private arenaen som gjer at eg no må ta ein pause. Me starta nærmast på “scratch” i 2020, og med årets sesong kan alle i klubben vera stolte over det me har levert. Det blir rart når sesongen er over, vemodig å forlata gjengen. Men føler det er til rett tid. Og denne gruppa, heile klubben vil leva godt vidare. Det er eg overtydd om, seier Robert.

Spelarane klare for kveldsmaten. Her uvitande om Robert sin avgang.

Litt alvorsprega leiarar og trenarar samla etter onsdagens trening. Ein spesiell kveld for alle.

Dagleg leiar og trenar Sebastian fortel at klubben alt er i gang med sonderingar på trenarsida. Han vil sakna Robert sin tydelege stil og profil, men har god tru på at dei skal finna ein god erstattar.

  • Viktig, spelargruppa og alle på trenar- og leiarsida held fram. Så Sogndal FK Damer vil gå 2024 i møte med entusiasme og optimisme. Stor tru på framtida, seier Sebastian.

    Før Robert forlet skuta skal han leia laget i dei to siste kampane mot Bryne og Avaldsnes 2.

  • - Me skal avslutta med stil. Visa oss frå ei god side. Denne gjengen har meir å gje, avsluttar Robert etter at kveldens store nyhende var klar.

Jon Navarsete