Sikra ny kontrakt med 3-1 over Herd
3-1 sigeren smakte ekstra godt etter eit par kampar med tap. Men viktigast er at at me no er sikra ny kontrakt i neste års 2. divisjon. Alt i alt har dette vore ein sesong med mange oppløftande resultat. Ein langt tøffare arena enn det fjoråret bydde på. Difor er det god grunn til å jubla og vera stolte over innsatsen!
Det tok litt tid før me fekk sett spelet vårt. Men to kjappe scoringar gjorde godt, og etter det føler eg me har god kontroll. Igjen viser me styrke på hjørnesparka, og denne gongen var Julie høgt oppe og heada ballen i mål. Alt i alt ein vel fortent siger der jentene står på og jobbar knallhardt kampen ut, seier trenar Robert,.
Han kjener på lettelse og er stolt over det laget har prestert.
Svært viktig at me heldt plassen. Det betyr mykje for dei jentene i fylket som vil satsa skikkeleg på fotballen. No har me eit bra fundament å byggja vidare på. Me skal jobba godt vidare, det er treningskvardagen som avgjer kor godt dette kan bli til slutt, seier Robert.
To kampar står att, og no har me fått ny energi og går for fleire poeng, både mot Bryne og Avaldsnes 2.