Jenter frå ÅTIL, Jotun og Lærdal fekk ny inspirasjon
Her er det Porten og journalist Siren Svortevik skreiv om kva dei opplevde på kunstgraset i Øvre Årdal.
“– Målet er eit felles damelag i framtida”
Jotun Fotball ville ha besøk av Sogndal Fotball damer til ei inspirasjonsøkt for jenter i kulla 2012–2014. Desse takka ja, og tysdag vart ein vitne til ei økt noko utanom det vanlege på kunstgraset.
– Me sende invitasjon til gruppene i Årdalstangen og Lærdal, og dei ville heldigvis også vera med, seier primus motor i Jotun, Ruth Laberg.
– Håpar det motiverte
Dermed vart det 43 unge fotballjenter på trening. Desse sprang lydhøyre og ivrige ute på bana medan damespelarane og deira trenarar fortalde dei kva dei skulle gjere.
Rundt bana stod fleire lokale trenarar og følgde nøye med.
– Det er flott at Sogndal damer ville komma. Supert at dei tok seg tid, seier Lene Lægreid som trenar eitt av laga til Årdalstangen I.L.
Terje Bratteteig er trenar for lærdølene, og sette pris på tiltaket.
– Eg håpar å lære nokre øvingar som eg kan bruka på trening, seier han. Dei tykkjer det er supert med ei inspirasjonsøkt på tvers av klubbane.
– Målet er at Jotun, Årdalstangen og Lærdal skal ha eit felles damelag i framtida.
To av damespelarane til Sogndal er frå Årdal, og var nokon av trenarane på denne samlinga. Dette er Marte Hollevik og Ella Hestetun.
– Me håpar at treninga gjorde at fleire vil opp og fram. Å motivera ungar til å fortsetja er berre moro, seier dei.
Det er Martin Natvig som er trenar for Sogndal FK Damer som spelar i andre divisjon. Han var til stades på Jotun stadion som trenar han også.
– Me vil gjerne visa oss fram, ei slik økt er glimrande i så måte. Ikkje minst håpar me at dette blir ein boost for ungane, seier han.
At det vart eit aldri så lite løft for jentefotballen er det ingen tvil om.
– Det var kjempemoro. Me har lært mykje, nærast ropte fotballspirene smilande etter trening før dei sprang av garde.