Strålande sesongavslutning og 3-0 mot Frigg
Det tok litt tid for den forløysande scoringa kom. Men då Thea nikka inn det første målet, var det ingen tvil. Denne sigeren og målsetjinga om tredjeplass skulle me ha på plass. Og Thea nikka like godt inn eitt mål til, før Vårin var høgt oppe, som ho sa, og nikka inn 3-0 målet like før slutt.
Med 3-0 over Frigg kan me sjå tilbake på ein oppløftande sesong på mange måtar. Det er ikkje dei store marginane som skil oss frå Grei og Ham Kam. Så no kan me pusta ut litt, før det blir fullt fokus på neste sesong. Det betyr etter alt å døma 2. divisjon med to avdelingar á 12 lag.
Trenar Martin og sportsleg/dagleg leiar Sebastian kunne spandera på seg det breiaste gliset etter 3-0 i sesongavslutninga. Stor ros til alle involverte - heile laget, støtteapparatet som står bak den suksessen dette har vore.
At Saftkokaradn markerer seg med heilhjarta støtte må me ta med. De er viktige, gode å ha. Det same gjeld dei mange og trufaste blant publikum. Imponerande bidrag og særs viktig støtte. Så har me dei viktige sponsorane våre. Dei betyr også mykje. Takk!
Med dette er sesongen 2024 over. Alle involverte har all grunn til å vera stolte. Me går sesongen 2025 i møte med ny energi og tru på vidare framgang. RAOE - RAUSE - STOLTE. Eit LAG - Ein DRAUM.