Frå draumedag med ÅTIL og Jotun-jentene, til 1-2 tap for Kongsvinger

ÅTIL og Jotun sine jentespelarar fekk ein draumedag i lag med Sogndal A-lag og Sogndal FK på Fosshaugane sist onsdag. Ein stor suksess for alle partar. Sognekraft var viktig sponsor for tiltaket.

Årdalsjentene vart henta i Årdal med Stao No Pao-bussen og frakta til Fosshaugane. Det vart ein fotballdag dei nok vil hugsa svært lenge. Viktig tiltak for å skapa entusiasme og eit løft for jentefotballen.

Søndag var det klart for seriekamp mot Kongsvinger. Ein jamnspela kamp enda med 1-2 tap. Ein kamp der me nok skulle hatt med oss poeng heimatt. Men slik vart det ikkje. No rettar me blikket mot siste serierunde når Frigg kjem på besøk. Siger der betyr at me passerer oslolaget og inntek tredjeplassen igjen. Det er eit flott mål å jobba mot!

Her er troppen som spelte mot Kongsvinger. Søndag er det tid for revansje når Frigg kjem på besøk.

Sesongen har jo vore svært bra, og no satsar me på å avslutta med stil. Søndag er staden Fosshaugane Campus.

Det betyr at publikum må stilla opp og hjelpa jentene fram.

Jon Navarsete