Suksess - Jentefotballens helg
Kring 100 deltakarar fekk denne helga mange og nyttige innspel om tema som styrketrening, mental trening, kosthald og skadeforebygging. Svært viktige emne, som for utøvarane har større betydning enn mange er klare over. Med forelsarar som Gyda Block Thorsen, Synøve Kvamme, Heidi Holmlund og Birte Barsnes fekk deltakarane svært nyttig informasjon å ta med seg heim.
Leiar i Sogndal FK, Tone var godt nøgd med oppslutninga då ho ønska velkommen.
24-timarsutøvaren står i sentrum. Rett trening, nok trening, søvn og kvile, struktur på kvardagen, og med styrke og kosthald som kanskje dei viktigaste tema denne gongen. Kvardagen frå barn, ungdom og over i dei vaksne sine rekkjer er ofte utfordrande. Me er glade for å ha svært kompetente forelesarar med oss, sa Tone då ho opna seminaret.
Gyda Block Thorsen tok for seg fleire av desse tema, med vekt på styrketrening og ikkje minst, totalbelastninga for unge utøvarar. Totalen er viktig, noko som krev planlegging og tilrettelegging. Midt i dette er kosthald svært viktig. Ei praktisk økt i gymsalen var svært nyttig, og der Gyda viste døme på viktige og gode øvingar.
Kosthald vart endå meir belyst då Heidi Holmlund viste eksempel på korleis ein bør leggja til rette. Både i treningskvardagen og i konkurranse. Eit tema som nok bør koma meir i fokus! Holmlund har lang erfaring frå ulike idrettar med utøvarar på toppnivå. Eit godt poeng - etter hennar erfaring er Lerum Solbærsirup den beste sportsdrikken.
Synøve Kvamme snakka om den mentale sida ved trening og konkurranse. Korleis handtera ulike situasjonar der stress og frykt også kan førekoma. Å læra teknikkar for å meistra ulike situasjonar. Birte Barsnes jobbar mykje med skadeforebygging. Ho er utdana fysioterapeut, har erfaring både som spelar og trenar, og jobbar til dagleg ved HSV Idrett i Sogndal.
Ved sida av forelsningar var det høve til å sjå akademilaga frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn i kamp på Fosshaugane Campus . Desse spelarane og Sogndal FK sitt damelag deltok og på seminaret. Det same gjorde fotballkretsen. SFK-trenar Martin ga deltakarane innblikk i arbeidet med laget, og fortalte om planane og inngangen til kampen mot Grei.
Ei svært lærerik og vellukka helg med jente- og damefotball i sentrum. Avslutninga der Sogndal FK spelte 1-1 mot Grei, var ei verdig avslutning. Ein kamp der me absolutt skulle ha avgjort til vår fordel.
Vel blåst! Takk til alle som møtte opp. Og ikkje minst, takk til alle forelesarane.