Måtte gje tapt for Vålerenga 2
Vålerenga 2 vart litt for sterke for oss. Med Anna si redusering ti minuttar før slutt , fekk me meir energi og skapte spenning i kampen. Men oslolaget vann nok fortent etter eit spelemessig overtak i store deler av kampen.
Me opna godt og hadde ein dobbelsjanse etter corner tidleg. Marte fekk sin sjanse i andre omgang, men det heldt ikkje til nok scoringar og poeng denne gongen.
Me startar bra og kunne teke leiinga. Diverre fekk me to baklengs til pause, kanskje litt for lett. Men slik er det på dette nivået. Me sleit med det høge pressspelet som me har vore gode på. Vart pressa langt tilbake mot ballsikre Vålerenga. Andre omgang er betre, og VIF kjem ikkje til særleg sjansar. Me fekk ein stor mulegheit ved Marte, før Anna klarte å heada ballen i mål, seier trenar Robert etter 1-2 mot eit meir rutinert oslolag.
No blir det oslotur og møte med Frigg til helga. Det er berre å krumma nakken og gå på med humør og speleglede! Me skal koma sterkare att!