Sterkt bortepoeng på Bryne. Vålerenga neste

Andrea på full fart mot Arna-Bjørnar.. Fin scoring mot Bryne siste helg. Marte følgjer spent med.

Me tok med oss eit viktig poeng i bortekampen mot heimesterke Bryne. Hadde leiinga heilt til sluttminuttane, så med litt helle kunne me teke alle tre poenga.

  • Alltid surt på mista sigeren på slutten. Men me vart pressa hardt i sluttminuttane. Så alt i alt greitt med poengdeling mot eit Bryne som er vrien på heimebana si, seier Robert.

    Andrea laga eit fint mål før pause der me opna godt. Kampen var jamnspela, sjølv om Bryne hadde presset i periodar. Me hadde ein kjempesjanse kvarteret før slutt som kunne punktert kampen.

  • - Likevel, bortepoeng skal me vera nøgde med. No rettar me fokus på kampen mot Vålerenga 2 søndag. Fire gode treningar skal gjera godt. Julie er ute, elles håpar eg på full tropp. Og me går sjølvsagt på bana for å vinna. Alltid. Uansett, er trenar Robert sin klare kommentar!

Robert manar spelarane til innsats - igjen. No er det Vålerenga 2 som kjem på besøk søndag.

Jon Navarsete