Publikumsfest og flott innsats mot Arna-Bjørnar

Hektisk og viktig peptalk før ekstraomgangar. Alle ga alt for LAGET

Det vart ein cupkamp av beste sort då me pressa Arna-Bjørnar ut i ekstraomgangar. Spelarane våre ga alt og kjempa til krampen tok fleire av dei. Då me utlikna til 2-2 på overtid var det elektrisk stemning på Fosshaugane. Tenk 400 tilskodarar i jubelbrus. Moro!

At kreftene tok slutt etter ein durabel innsats kampen gjennom, måtte me rekna med. Toppserielaget pusta nok letta ut etter 120 minuttar.

  • Eg er stolt over det jentene viste i dag. Fantastisk lagmoral, er trenar Robert sin kommentar.

Konsentrerte jenter i oppvarming før møtet med Arna-Bjørnar. Det vart litt av ein fight.

Jentene våre kan gå med løftaa hovud etter ein slik kamp. Me fekk kjenna på nivået, og med litt meir erfaring og fleire kampar av dette slaget, kan det bli svært interssant i åra som kjem.

Me er ein ung gjeng, og vegen opp og fram er berre så vidt starta. No gjeld det å nullstilla til kampen mot Bryne i morgon. Stao Pao, jenter. Me håpar og trur på gevinst!

Jon Navarsete