Klare for Arna Bjørnar

Det blir viktig med fokus og vera klare for ei tøff utfordring mot toppseriemotstand. Marte og Kristine er klare.

I morgon kl. 18 er det klart for NM-spel og møtet med toppserielaget Arna Bjørnar. Bergenslaget har løfta seg etter ein heller laber opning på sesongen. For oss blir det ei fin utfordring, og jentene får kjenna på nivået. Diverre har me vore plaga med sjukdom siste tida, men trenar Robert håpar dei fleste er kampklare til morgondagens kamp.

-Me gler oss til kampen. Å få møta eit toppsserielag blir ei fin utfordring og ein bonus for oss. Noko me treng for å gå vidare. Me skal gå ut og prøva å spela vårt eige spel. At det blir vanskelegare må me rekna med. Likevel, med god defensiv organisering og godt presspel trur eg me skal laga det vanskeleg for Arna Bjørnar, seier Robert.

Han er meir spent på om spelarane klarar å vera gode med ballen ved attvinning.

Viktig med ein god pep-talk i morgon. Cup er cup!

  • Det blir interessant å sjå. Jentene har veldig lyst å gå utpå for å gje publikum valuta for inngangsbilleten. Så eg håpar verkeleg det blir folksomt på Fosshaugane i morgon. Me treng god støtte frå vårt kjære publikum, er Robert si oppmoding.

  • - Me skal gje full gass. Heilt klart. Så får me sjå kor langt det rekk.

    Hugs at det blir grilling på stadion i god tid før kampstart.. Så i morgon kan du ta både middagen og kveldsen på Fosshaugane!

Jon Navarsete