Klart for møtet med topplaget Molde på Fosshaugane

Lagkaptein Kristine og Sogndal går mot ei tøff oppgåve mot topplagetMolde. Men som alltid, me går på med friskt mot!

Me har hatt to tøffe bortekampar mot Viking og Haugesund, begge med eittmålstap. Det viser at me kan kjempa mot dei beste laga i divisjonen. Trenar Robert Hovland fortel om fin innsats av jentene, trass i svært god motstand.

  • Mot Viking som nok er seriefavoritt, er me med heilt inn. Kunne faktisk teke poeng mot slutten. Positivt. Mot Haugesund kjem me bakpå i første omgang, men styrer mykje etter pause. Eg er stolt over den innsatsen og moralen jentene viser i begge desse kampane, seier Robert.

  • Me har heilt klart teke steg, særleg defensivt. Me må bli betre på å utnytta sjansen me skapar. Det skal me klara, så eg er optimistisk med tanke på det som skjer i gruppa, er Robert sin kommentar før møtet med ein annan av favorittane, Molde.

    Dei kjem til Sogndal på laurdag, så då håpar me på god støtte frå tribunane. Det treng jentene i kampen for poeng.

  • - Me skal gå på bana utan for stor respekt. Molde er eit godt lag, men på vår heimebane skal dei få skikkeleg kamp frå eit revansjelystent Sogndal, er Robert si klare melding.

Elles var Josefine (4) og Mia (16) med på nye landskampar der dei gjorde ein flott innsats. Siste kampen enda med solide 6-1 over Sverige, der biletet er teke. (Foto: NFF).

  • Det er stort for oss å ha to spelarar med på J-16 landslaget. Begge får gode tilbakemeldingar og viser fin framgang.. Viktige for laget vårt. Lærevillige og gode ambassadørar for Sogndal Fotball, seier trenar Robert.

  • Og neste veke er det NM- kamp mot Arna Bjørnar, onsdag. Så det er berre å gleda seg til mykje og god fotball!

Jon Navarsete