Ny trepoengar mot Porsanger - og Marte imponerte i finalen

Det vart ein strålande fotball- og friidrettssøndag. 3-1 på bortebane mot Porsanger er sterk kost. Og i Lima, Peru imponerte Marte med niendeplass i finalen på 1500 meter i U-20 VM.

Andrea sto for to av måla mot Porsanger. Og Mia laga det tredje og sitt første mål for oss.

Me sjokkopna i Lakselv då Andrea knalla til med eit skikkeleg langskot. Og ho heldt fram like etter pause med sitt andre mål for dagen. Då var mykje gjort, og då Mia heada inn 3-0 leiinga var sigeren i boks. Porsanger fekk ei redusering, men sigeren va aldri trua. Ein godt gjennomført kamp av heile laget.

  • Me skapte bra med sjansar og er fornøgd med mykje av det me presterte. Å vinna bortekampar er alltid noko ekstra, så dette gir oss god energi til møtet med topplaget Ham Kam.. Der har me alt å vinna, seier trenar Martin.

  • Denne kampen går søndag førstkomande, og då treng me all den støtte me kan få frå tribunane

Marte gjorde ein imponerande innsats i VM-finalen i Peru. Med familien som ivrig heiagjeng, leverte ho eit løp i overkant av forventingane. Ein niandeplass i det selskapet er utruleg sterkt levert. Gratulerer!

Imponerande finaleløp av Marte på 1500 meter. Niendeplass i U-20 VM er utruleg sterkt.

Me har heng på andreplasserte Grei. Ei god treningsveke står framfor oss. Me gler oss til møtet med toppaget Ham Kam.

Jon Navarsete