Marte til VM-finale på 1500 meter
Marte viste styrke og sprang inn til finaleplass i U-20 VM på 1500 meter med tida 4.22.88. Det er tett opp mot den personlege rekorden hennar. Marte sprang inn til femteplass i sitt heat, og no kan ho sjå fram til eit spennande finaleheat natt til søndag kl 01. Ho var naturleg nok skuffa då finaleplassen på 800 meter glapp med berre 19/100 sekund. Ein finaleplass i VM heng svært høgt, så det er all grunn til å gratulera med flott innsats, uansett utfall. Me heiar alt me kan, Marte!
Medan Marte er i Peru og deltek i VM, reiser resten av gjengen på langtur og. Nytt møte med Finnmark, denne gongen er det Porsanger som er motstandar i Lakselv. Kampen går søndag 1. september kl. 11.30. Og både Lurifax-Siri og Hallo Sogn-Kent er på plass for å følgja kampen og formidla til oss her heime. . Fantastisk!
Stao Pao - Sogndal FK-damer og Marte!