3-3 mot Bjørnevatn. Eitt poeng betre enn ingen

Det som såg ut til å gå mot den tredje strake sigeren etter sommarpausen, vart ein liten nedtur. Men 3-3 og poengdeling var kanskje greitt, sjølv om me kunne avgjort langt inn i overtida. Måla våre kom ved Andrea, Anna frå straffemerket og Vårin. Bjørnevatn heva seg etter ein dårleg start, der me dominerte stort. Men i dag var det nok litt under pari for heile laget.

Mari gjorde ein framifrå jobb på midtbana i dag, medan Stine kan vera godt nøgd med sin omgang. Vårin scora 3-2 målet, og var truleg berre eit skonummmer frå å laga 4-3 på overtid.

Slik er det av og til i fotball. Alt går ikkje alltid som planlagt, og etter å ha leia to gonger skulle me heilt klart ha avgjort denne kampen til vår fordel.

Når så ikkje skjedde, skal me ta med oss poenget og gå til neste treningsveke med løfta hovud, samla nye krefter og slå tilbake mot Porsanger. Ein ny finnmarkstur blir ei oppleving i seg sjølv.

Sjå framover - det er langt att og mange kampar skal spelast. Fotball er framleis like moro.!

Jon Navarsete