Jentefotballhelg i Sogndal - 21.og 22. september

“Jentene opp og fram” - korleis leggja til rette for 24-timarsutøvaren?

Inspirasjon - Motivasjon - Fagleg påfyll

Sogndal FK Damer inviterer til samling der utøvaren sin kvardag skal stå i sentrum. Tanken om at døgnet skal balanserast frå trening, restitusjon, skadeforebyggjing, søvn, kosthald, meistring og prestasjon. I tillegg kjem utdaninga inn. Dette blir ei spennande fagsamling med dyktige føredragshaldarar. Alle har bakgrunn frå idrett, også på toppnivå.

Her frå ei samling med akademispelarar frå Sunnfjord og Sogn, saman med jentespelarar frå Syril og troppen til Sogndal FK Damer.

Me ønskjer på same måte som i fjor å invitera breitt - trenarar, leiarar, ressurspersonar, foreldre/føresette. Alle som har interesse av å vera med å utvikla jente- og damefotballen i fylket. Parallelt vil det vera samling for akademispelarar. Ein del av seminaret vil bli å følgja nokre av kampane dei spelar. Akademispelarane og Sogndal FK sine spelarar vil også følgja nokre av førelesingane.

Her er dei fire som skal gje oss masse fagleg påfyll og motivasjon som vil koma jente- og damefotballen til gode:

Gyda Block Thorsen, tidlegare proffdansar med deltaking i EM og VM, dommar i “Skal vi danse” og deltakar i neste sesong av “mesterens mester”, no bl.a. tilknytta Olympiatoppen Sør-Vest, Synøve Kvamme, fotballbakgrunn og psykologispesialist, Heidi Holmlund, ernæringsfysiolog, erfaring frå Olympiatoppen og jobbar også med sitt fagfelt i Molde FK, Birte Barsnes, fysioterapeut med spesialisering innan helse, lektor ved Høgskulen. Tidlegare aktiv fotballspelar, jobbar og med skadeførebyggjing.

Så her er det mykje nyttig og spennande informasjon og kunnskap å ta med seg. Det blir start kl. 11 laurdag, og seminaret blir avslutta søndag med ein spanande kamp mellom Sogndal FK Damer og Grei klokka 13:00 og truleg ein påfølgande Akademikamp klokka 15:00.

I linken under kan du lese meir om føredragshaldarane, samt informasjon om overnatting og påmelding.


Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med

NFF Sogn og Fjordane, Vårin Ness - varin.ness@fotball.no, tlf 91338972

eller Sogndal FK Tone Bakke - 0312tone@gmail.com, tlf 958 86136

Jon Navarsete