Sterk bortesiger - Anna med to mål
Det såg ut til at me skulle mista sigeren mot slutten av kampen. Anna ga oss leiiinga på ein susar av eit langskot, men Røa kom igjen og utlikna mot slutten. Men Anna var ikkje ferdig for dagen. Julie vart felt utanfor 16-meteren, og dermed var det klart for ei frisparkperle av midtbanedynamoen. Det var ei matchvinnar-scoring av beste merke. To strake sigrar ber bod om ein fin haustsesong. Me ligg på ein sterk tredjeplass på tabellen.
Dette var berre nydeleg. Å scora to mål er jo ikkje daglegdags. Og eg rota litt på utlikninga deira. Så eg måtte jo retta opp den feilen og sikra oss tre poeng, sa ei godt nøgd Anna etter kampen i intervju med Hallo Sogn.
Først og fremst kjekt med tre poeng. Litt ujamn prestasjon, de Røa tok oss litt i duellspelet første del av kampen. Me har likevel initiativet og skapar eit par gode sjansar til å scora. Etter pause hevar me oss og kjem til gode sjansar, slik at dette vart ein fortent siger. Stolt over innsatsen alle legg for dagen. Difor blir det også tre poeng med heim, fortel ein letta og nøgd trenar, Martin.
Ein lang busstur blir no ein god del “kortare”
Grattis til heile gjengen. Strålande innsats. No gjeld det å samla seg, trena godt og førebu seg til møte med Bjørnevatn komande laurdag på Fosshaugane Campus. Der har me litt å hevna!