Marte førebur seg til friidretts-VM i Peru

Marte treng god niste når ho skal førebu seg til VM-deltaking i Peru. Brunosten er populær, sjølv for ei jente frå gamalostbygda Vik.

Denne veka har Marte vore instruktør på Obos-Camp, fotballskule for unge jenter. Saman med klubbveninner har ho kosa seg i lag med ivrige spelarar og skapt ekte fotballglede. Men snart er det avreise til U-20 VM i friidrett i Peru. Det blir naturlegvis ei stor oppleving. Denne veka har ho nytta tida saman med lagveninner og ivrige jenter på Obos-Camp, fotballskule.

  • Moro å sjå at jentene har det kjekt i lag med oss på fotballskulen. Deira humør og speleglede gjev oss mykje tilbake, seier Marte.

  • Snart skal ho ut på ei lang reise, til friidretts-VM i Peru. Då skal ho gjera seg klar til å springa 800m og 1500m mot verdas beste juniorløparar.

  • - Det blir ei stor oppleving! Og heilt sikkert eit knalltøft selskap. Det er eg godt førebudd på, fortel Marte. Som 19-åring er ho ung i det selskapet. Ho har dei siste åra vore blant dei aller beste juniorjentene på mellomdistansane.

  • Tidlegare i år har ho levert fleire sterke prestasjonar, på Bislet, i senior-NM og sist i nordisk juniorlandskamp med ein tredjeplass. Med 4.20.60 og 2.07.01 var ho godt kvalifisert for VM. Det blir naturleg nok eit høgdepunkt i løparkarrieren til no. For to år sidan deltok ho og i EM i Jerusalem.

  • - Det alltid spennande og lærerikt å møta dei beste juniorane, om det er i Norge eller internasjonalt. Men det er jo klart at eit VM blir noko heilt ekstra, sier Marte. Ho har førebudd seg så godt som råd er, og ser fram til opplevinga i VM. Ho har blant anna vore på høgdeopphald i St. Moritz i Sveits, og på samling med det norske juniorlandslaget.

  • - Det har vore godt å koma heim nokre dagar no. Oppladning saman med lagveninner og ivrige fotballjenter er heilt fint. Måndag set me oss på flyet til Peru. Litt sommarfuglar i magen er det jo. Men eg berre gledar meg til å få koma i gang, avsluttar Marte.

  • Me ønskjer Marte lukke til og heiar sjølvsagt alt me kan! Stao Pao, Marte.

Her er litt av heiagjengen i ein pause frå fotballskulen.

Marte i fint driv.

Jon Navarsete