Glade fotballjenter på Obos-Camp
Denne veka har Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer avvikla Obos-camp i fotball. Stor deltaking og like stor aktivitet har prega treningsøktene. To økter dagleg med instruktørar frå dei to seniorlaga. Då me vitja dagens økt, var det full konsentrasjon og stort engasjement som prega jentene som heldt til i storhallen.
Også for spelarane våre som inntok instruktør-rollen, er dette nyttig og god erfaring å ta med seg. Jentene var godt nøgde med opplegget, som veksla mellom teknikk- og pasningsøvingar, artige konkurransar i tilleg til speløkter på små eller litt større område.
Fredag vert Obos-camp avslutta. Vel gjennomført til alle. Både instruktørane våre, og jentene som deltok med liv og lyst. Stao Pao, jenter!