Solid 4-0 mot Vålerenga 2

Smilande spelarar etter siger mot Vålerenga. Tre debutantar, Jenny, Mia, Stine, og tilbake i godt slag, Andrea.

Det vart ei pangopning på haustsesongen med 4-0 og solid spel mot Vålerenga 2. Thea stanga inn 1-0 etter ein corner, og det kunne fort blitt både eitt og to mål til før pause. Men måla skulle koma. Julie scora to, før Vårin avslutta fotballfesten med det fjerde målet kvarteret før slutt.

  • Dette var moro. Å debutera med siger gjer alltid godt. Eg tykte me var skikkeleg gode i dag. Så dette skal bli artig framover, sa ei smilande vossajente, Mia etter sigeren. Og jubel var det naturleg nok etter ein kamp der me dominerte frå start til mål.

  • Med siger klatra me forbi Vålerenga på tabellen og inntok tredjeplassen.

  • Godt jobba, og som vanleg ein skikkeleg lagsiger!

To mål på Julie i dag. Me håpar det blir fleire utover hausten! Det likte dei unge jentene og!

Ein nøgd lagkaptein, Kristine blir intervjua av Kent og Hallo Sogn.

Jon Navarsete